Viktig melding

Høyring - forslag til endringar i lov og forskrift om ordning med brukarrom for inntak av narkotika (utviding av brukarkrins, rusmiddelanalyse og heimel for å gjere unntak frå nokre av krava til brukarromordningar osb.)

Helse- og omsorgsdepartementet sender på høyring forslag til endringar i lov om ordning med brukerrom for inntak av narkotika (brukerromsloven) og tilhøyrande forskrift. Merk vel at det er to ulike høyringsfristar, 5. mai og 16. juni 2025 (sjå nærare nedanfor)

Høyring – forslag til endringar i lov og forskrift om ordning med brukarrom for inntak (2649306).pdf (PDF, 114 kB) 

Høyringsnotat - endringar i lov og forskrift om brukarrom 2025(2649300).pdf (PDF, 752 kB)

 

Høyringsfristen 5. mai gjeld forslaga til endringar i forskrifta, med unntak av § 1. (Desse forslaga er særleg omtalde i høyringsnotatet punkt 4.2.4, 5.2.3, 5.2.4 og 6.) Høyringsfristen 16. juni gjeld alle forslaga til lovendringar og forslaget til endringar i forskrifta § 1.